Lesarbrev av Osvald Medhus (tidligere ordførar i Hol), publisert i Hallingdølen 28.01.21
Fv50 er ein viktig veg for kommunane Hol og Aurland. Eit titals verksemder i øystre Hol er meir eller mindre avhengig av denne vegen. Vegen vart tatt opp som riksveg frå 1. juni 1984. Då riksvegane vart overført til fylkesvegar, vart dei to fylka, Sogn og Fjordane og Buskerud, ansvarlege for kvar sin del av F50. Buskerud fylkekommune har gjort eit godt arbeid med å halde sin del av vegen i god stand, mens det er heller lite gjort på Sogne-sida. Sogn grunngjev det med økonomien. Ser ein på kva Stortinget har vedtatt når det vart bestemt at riksvegane skulle gå over til fylkesvegar, er det noko som ikkje stemmer, når eit av fylka ikkje har økonomi til å halde sin del av vegen i skikkeleg stand. For etter stortingsbehandlinga har staten forplikta seg til overføring av tilstrekkelege ressursar slik at fylkeskommunane er i stand til å bygge, drifte og vedlikehalde eit vegnett som er effektivt og sikkert.
Det kan vere grunn til å sjå nærare på historia til Fv50 og kva Stortinget har vedtatt.
Ca. 6 mil av den 10 mil lange vegen Hol-Aurland er bygd av Oslo Lysverker i forbindelse med Aurlandsutbygginga. Stortingsvedtaket frå 1985 om opptak av denne vegen som riksveg, er litt spesiell idet det bygde på ei omforent avtale mellom Oslo Lysverker og Vegdirektoratet. Etter denne avtalen skulle OL yte betydelege tilskot i fleire år – mot at vegen «tas opp som riksveg fra 1. juni 1984, og som helårsveg.» Departementet tilrådde på denne bakgrunn at vegen Hol-Aurland vart riksveg «på de vilkår som Oslo Lysverker og Vegdirektoratet er blitt enige om.» Komiteèn slutta seg til dette. Stortinget sa også at «eventuell nattestegning av vegen vurderes på bakgrunn av vær- og føreforhold, som for andre riksveger.»
H.r.adv. Carsten Riekeles har i ei fyldig juridisk utgreiing konkludert med at staten er avtalebunden til å vedlikehalde Rv50 som heilårsveg.
Ved behandlinga av Innst. O.nr. 83 (2008-2009) vedtok Stortinget i lovs form at riksvegane vart overførde til fylkekommunane. Departementets grunn var «et ønske om å legge til rette for en meir helhetlig utvikling av vegnettet i fylkene.»
Kven som hadde det eigentlege økonomiske ansvaret etter denne endringa gjorde departementet heilt klart:
«Det vil fortsatt være et statlig ansvar, gjennom overføring av tilstrekkelig økononiske ressurser, å gjøre fylkeskommunenene i stand til å bygge, drifte og vedlikeholde et vegnett som er effektivt og sikkert.»
Om rettar og plikter for fylkeskommunane, etter endringa, legg departementet til grunn det som som står i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), «at fylkeskommunen og Oslo kommune overtar fra staten ansvaret for det vesentlege av øvrig riksveg med den standard det har og tilhørende rettigheter og forpliktelser slik de er på overtakelsestidspunktet. Samferdselsdepartementet legger dette til grunn.»
Under avsnittet økonomiske og administrative konsekvensar knytt til endringa, skriv departementet: «Departementet legger opp til at det vil bli gitt økonomisk kompensasjon dersom statlige føringar medfører økte utgifter for fylkekommunene.»
Samferdselskomiteen seier i si innstilling:
«Fleirtalet vil understreke at det er staten sitt ansvar gjennom inntektssystemet å gjere fylka i stand til å handtere oppgåvene sine på ein god måte.»
Samferdselskomiteens medlemer frå Kristelig Folkeparti og Venstre «vil understreke at det fortsatt må være statens ansvar å sørge for at fylkekommunene blir økonomisk i stand til å vedlikeholde og drifte fylkesvegnettet, og at de skal kunne gjøre investeringer som legger grunnlaget for et sikkert og effektivt vegnett som fungerer godt både for næringslivet og innbyggerne.»
Stortingsbehandlinga av denne saka er ikkje til å misforstå. Viken og Sogn og Fjordane bør ta ei samtale og få klargjort økonomien til eit skikkeleg vedlikehald av heile Fv50.
Geiteryggtunnelen er bygt av eit selskap med kommunane og bankane i distriktet som aksjonærar. Tunnelen vart bygt for at dette skulle bli eit heilårs vegsamband. Det har denne vegen no vore i 46 år, og fungert som eit viktig aust-vest samband, og viktig for ei rekke verksemder. Dertil er vegen blitt ein interessant turistveg.