Skal kjempe for Fv50

Følgende er sakset fra Hallingdølen 08.03.14:

""

Skal kjempe for Fv50

 Ei interessegruppe skal jobbe for betre regularitet på Fv50.
Fyrste skritt på vegen er eit brev med ei rekkje krav og føresetnader knytt til brøytekontrakt, skilting, vegmeldingar, tellepunkt og sluttdato for arbeida i Geiteryggtunnelen.
Brevet er sendt til ordførar i Hol, Tony A. Kjøl (H), med forventningar om at dette blir tatt vidare til vegeigarane Buskerud og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og Statens vegvesen.

Mykje bråk
Interessegruppa har vorte danna den siste månaden etter eit folkemøte på Bygdahall tidleg i februar. 

Bakgrunnen er velkjend: Fv50 har vore mykje stengt sidan i fjor haust og gjennom heile vinteren. Mykje skuldast omfattande ombygging og opprusting av Geiteryggtunnelen. Men i Hol meiner mange også at Statens vegvesen og Buskerud fylkeskommune ikkje gjer nok for å halde vegen open. Det toppa seg like før jul då det vart kjend at vegen vart stengd i heile juleferien. Politikarar, bygdefolk og næringsliv fryktar at færre bilistar vil ramme næringsverksemd og hyttemarknaden.

Mange krav
Difor er den nye interessegruppa no på banen for å arbeide for betre regularitet. 

Her er nokre av krava interessegruppa i brevet til ordføraren: 

n Betre skilting av Fv50 i Aurland på engelsk og norsk. 

n Nytt trafikkteljpunkt ved bommen på Myrland og i Vassbygdi. 

n Framtidig brøytekontrakt må innehalde 24 timar open veg. 

n Betre utstyr: Fire brøytebilar, to fresar og veghøvel. 

n Det må stillast same krav til strøing som på Rv52 på aust- og vestsida.
""