Godt nytt om FV50 ?

Følgende budskap er sakset fra Hallingdølen.

""

Hol og Aurland saman for Fv50

No skal sogningar og hallingar kjempa saman for ein betre veg mellom Hol og Aurland.
Frode Rene
Publisert: 30.04.14 11:33  Oppdatert: 30.04.14 11:33

Dei siste åra har fjellovergangen mellom Hol og Aurland vorte nedprioritert og stengd både seint og tidleg. Sjølv med opphaldsvêr og lite vind har vegen ved fleire høve vore stengt. Det fortel fleire kritikarar Hallingdølen har snakka med.

Både yrkessjåførar, fastbuande og andre som er avhengige av vegen seier vêret berre har vore ein del av dei stadige vegstengingane. Manglande brøyteutstyr og unge, uerfarne brøytebilsjåførar har i fleire tilfelle vore årsaka til at vegen har vorte stengd, hevdar dei.

Det har vorte gjort nokre merkelege prioriteringar og det har ikkje vore det heilt store med tanke å halde vegen open mellom Aurland og Hol dei siste åra. Fv50 har vore stengt på dagar ingen har forstått at det skulle vera nødvendig. Difor vil me legge ned meir arbeid for å betre regulariteten, seier Hol-ordførar Tony Kjøl.

Mobiliserer

Sist veke vart også interesseselskapet «Åpen Fv50» offisielt stifta på Myrland. Leiaren i interesseselskapet, Kjell Gunnar Haugen, er godt nøgd med at sogningar og hallingar no kan mobilisere saman.

At næringsdrivande og kommunen i Aurland blir med betyr veldig mykje for oss i Hol kommune. No kan me stå saman for vegen på begge sider. Vedtektene i interesseselskapet er slik at du må ha bustadadresse Hol eller Aurland for å kunne sitja i styret. Me som alt er valde inn, har fungert som eit interimsstyre.

Sendte brev

At Aurland kommune fyrst no kastar seg inn i kampen for Fv50, er ikkje tilfeldig. Æra for det skal tidlegare ordførar i Aurland og forkjempar for Fv50, Osvald Turlid, ha. Turlid var ordførar i åra 1986–1991.

Dagens ordførar, Noralv Distad, har ikkje har vore like engasjert. Men då Turlid spurde om kommunen hadde meldt seg ut av arbeidet med å få god regularitet på fylkesvegen, vart det fart på sakene. Turlid minte ordføraren på at vegen er viktig for begge sider av fjellet – og at alt arbeidet som tidlegare er lagt ned ikkje måtte bli gløymt av kommunen.

Viktig veg

Fv50 er svært viktig for Aurland. Ikkje er berre den ein viktig aust-vest forbindelse, men også kortaste veg for dei som skal i retning Kongsberg eller Telemark. Vegen er også veldig viktig for dei næringsdrivande langs vegen, seier Distad.

Kva kan Aurland kommune bidra med
– At vegen får nok resursar til å haldast open både sommar og vinter og at vegen er open lengre utover kveldane under vedlikehaldsarbeid. Til ferien må vegen vera open.
– Det blir hevda at Aurland kommune og ordføraren ikkje har gjort nok for vegen på lenge, kva kommentar har du til det?
– Om nokon meiner me kan gjera meir for vegen, får me sjå på det.

Merkelege prioriteringar

Også ordførar Tony Kjøl i Hol har ved nokre høve vorte skulda for ikkje å bry seg nok om Fv50. Men no er han heilt klar på at vegen er viktig for Hallingdal. Han er nøgd med at Aurland har signalisert si interesse.

Eg har i mange samanhengar sagt at Aurland kommune og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane burde vore meir engasjerte i Fv50. Dersom kommunen no kjem med nye signal, blir eg glad. Det viktigaste no er å betre regulariteten på vegen. Buskerud fylkeskommune er med oss og ser kva behovet vårt er, men dei har eit budsjett å halde seg til.
Korleis fylkeskommunen på andre sida av fjellet stiller seg, er Kjøl litt meir usikker på.
""