Vedtok ny løypeplan i Hol: – God og rettferdig

No er det bestemt kva for kriterium som skal leggast til grunn for tilskota til sti- og løypenemnder i Hol.

23.06.2018 kl 16:00 Hallingdølen

 

Finansiering av stigar og løyper har skapt eit stort engasjement i heile kommunen og har vorte debattert i fleire fora i lengre tid. 

Onsdag vedtok kommunestyret i Hol det saksordførar Nina Dalen (Ap) karakteriserte som «mil etter mil på stigar og løyper» mot den endelege fordelingsnøkkelen. 

Fordelingsnøkkel 

Fordelingsnøkkelen blir lagt til grunn når årlege tilskot skal tildelast.

Den vart vedteken med følgjande faktorar og vekting: 

           
  • Fastbuande: 0,2.
  • Fritid: 0,3.
  • Næring: 0,2.
  • Løypemeter: 0,2.
  • Stigar: 0,1.


Kjeft og ros 

Petter Braaten (H) er ein av politikarane som har fått merke det store engasjementet som har vore knytt til finansiering av stigar og løyper. 

I arbeidet med fordelingsnøkkelen har han vorte kontakta av fleire løypeområde som har prøvd å påverke avgjerda, sa han i kommunestyret. 

– Eg kjem til å få både ros og kjeft etter vedtaket. Uansett vil nokre få meir eller mindre enn dei har fått dei seinare åra. 

Men Braaten meinte vedtaket gir ein god og rettferdig fordelingsnøkkel.