Skrevet av Rolf Kahrs30.10.2016
Vi sakser fra Hallingdølen 29.09.16:
Ein kan ikkje vera på slankekur her, seier Tim Reidar Stenberg og skjer ei skive med Prestholt geitost.
Brunosten som har vunne gull i to NM på rad. Med opning av ysteri og butikk for lokalmat frå småskalaprodusentar, håpar han no på meir liv i Hol sentrum.
På garden Rudningen har Reidar og Kjersti Stenberg produsert brunost sidan 1990. Det har skjedd under namnet Prestholt Geitost. Då produksjonen auka, flytte sonen Tim Reidar Stenberg (29) heim saman med sambuaren Heli Kirista (27), etter å ha vore konditor i Geilo.
Produksjonen av brunost har lege tett oppunder ti tonn årleg dei siste åra. I fjor produserte dei også kring 2,5 tonn kvitost, og sommaren er brukt til å ordne til utsalet av lokalmat frå småskalaprodusentar som dei sjølv.
Inne i butikkdelen av Hol Ysteriet er det opne vindauge inn mot både ysteri og modningsrom. Det er litt av konseptet at ein skal kunne sjå heile prosessen.
Her lagar me både brun- og kvitost frå geitemjølk. I tillegg har me eit prosjekt der me ystar kvitost for bønder som leverer mjølk. Me lagar osten på tradisjonell måte, men har ein del elektrisk utstyr som er bygd rundt det gamle. Til dømes brukar me framleis den gamle kokekjelen til brunosten, seier Tim Reidar.
Satsar på småskala
I hovudsak vil butikkutsalet ha varer som er så lokale som mogleg.
Me har både mykje kjøt, fisk og mjølkeproduksjon i vår region. Samstundes vil me også ta inn produkt som ikkje blir laga her i Hallingdal, som honning, eplejuice og til dømes bringebærsaft frå Krøderen.
Tim Reidar seier han håper Hol Ysteri, som ligg side om side med Nerol økologiske andelshage, vil vera med å trekke folk til Hol sentrum.
Me har i tillegg ledige rom i lokalet, så me får sjå kva moglegheiter det byr på og kva det blir etter kvart, seier han, utan å ville røpe for mykje.