Savage Rose til Iungsdalen. Laurdag 18. august

I år er det legendariske The Savage Rose som står på scena i Iungsdalen under Leikskeid 2018.


The Savage Rose er eitt av dei mest banebrytande og sentrale rockebanda i Skandinavia gjennom tidene. 1967 var året det unge beatbandet The Savage Rose møttes for fyrste gong. Sidan den gong har danskane uredd leidd oss gjennom psykedelisk rock, jazz, klassisk og verdsmusikk - alltid med eit politisk bodskap som bakteppe og med Annisette si særeigne stemme i front. Fem tiår seinare står bandet sterkt som aldri før.


Dagens live-utgåve av The Savage Rose spelar låtar frå heile den lange karrieren til bandet, både klassikarar frå dei tidlege albuma og låtar frå dei seinaste utgjevingane, samt heilt nye songar.

I tillegg til The Savage Rose har me i år også gleda av å høyre Lene Storhaug m/band og Baljelauget på Leikskeid.

Mer info på Hallingbillett.

Savage Rose