Velkommen til fjells i jula!

Hol ysteri – ysteriet som fekk tilsaman 10 medaljer for ostane sine på oste-VM i Bergen – har ope måndag til fredag 10 til 16 samt laurdag 10 til 17. Så er det stengt juleeftan, 1. og 2. juledag. I Romjula er det oppe fredag 10 til 16 og laurdag 10 til 17.

I tillegg til framifrå ostar så får du rakfisk, kjekjøt, kjepølser, konfekt frå Fjellgodt og mangt anna. Passar ikkje opningstidene for deg, så ring telefon 992 74 157 og gjer avtale om henting.

Vil du følgje Hol ysteri på fjesbok så er du alltid oppdatert. 

Hol historielag vil gjerne gjera merksam på årboka si Under Hallingskarvet som no er i handelen saman med Holkalenderen for 2019 med gamle foto frå heile kommunen. Dette er til sals i bokhandelen, Coop Sunhov og Hol ysteri. Du blir betre kjent med historia til hyttekommunen din ved å lesa desse.

God jul og godt nytt år!

For Hol ysteri og Hol historielag 
Knut Medhus