Skrevet av Stig19.07.2024
Styret i Myrland hytteeierforening ønsker å viderebringe følgende invitasjon til Holsdagen 2024.
"Holsdagen er ikkje som så mange andre «dager» omkring i dalen – Holsdagen er ein dag der arrangørane prøver å formidla ekte Hallingdalskultur til publikum. Sentralt i arrangementet er bondebryluppet med vigsle i Hol gamle kyrkje, brudefølge langs vakre Holsfjorden og fest på Hol bygdemuseum der det blir vist dans, spel og glimt frå livet i bygdene eit par hundre år attende. Sentralt i år står segna om Fanitullen. Det er 350 år sidan det dramatiske brylluppet i Hovet. I tillegg er det 500 år sidan ein veit om den fyrste gongen det vart spelt på Langeleik her i landet, noko som også blir markert på Holsdagen.
Nokre av landets fremste utøvarar innan folkemusikk og dans er med – og du er hjarteleg velkommen til Hol laurdag 3. august. Hol gamle kyrkje kl. 11 -. Hol museum frå kl. 13.
Helsing
Holsdagsnemnda
Knut Medhus"
Ytterligere informasjon finnes i plakat i link under